Vegard Aasen

Vegard Byrkjeland Aasen viser korleis lyslinjer og SOS-signal kan brukast i kunst og historieforteljing i samband med naturvern og aktivisme.

Jørn Areklett Omre

Aasen er ein fotograf og filmskapar frå Sogn. Han vaks opp tett på naturen, og gjennom foreldra sine fekk han tidleg interessa for flora, fauna og dei ville landskapa. Seinare har fjell, ski og klatring ført han inn i mange sterke naturopplevingar, men mest av alt er han fascinert av møta med ville dyr.

I 2016 starta han produksjonsselskapet Veri Media. Frå å lage reklamefilmar har han gradvis gått over til eigne dokumentarfilmar og fotoprosjekt som Light Lines og The SOS Project. Han jobbar på tvers av uttrykk, med foto, film og tekst, og ser naturen som kunst i seg sjølv. Den raude tråden i arbeidet er ønsket om å bruke kamera og forteljingar til å løfte fram naturens verdi, engasjere menneske og skape bilete som ikkje berre er vakre å sjå på, men som og kan gjere inntrykk og utgjere ein forskjell.

Nettside: www.vegardaasen.com

Andre nettstader: www.verimedia.no

Instagram: instagram.com/vegard_aasen/

Vegard Aasen ser du på scenen fredag 13. mars kl. 16.05.